Musikk

Slektstreff i Leipzig

Verdas eldste Bach-festival samla deltakarar og tilskodarar frå femti land.

Slektsgranskar: J.S. Bach var stolt av opphavet sitt og teikna mellom anna slektstreet til Bach-familien.
Slektsgranskar: J.S. Bach var stolt av opphavet sitt og teikna mellom anna slektstreet til Bach-familien.
Publisert

«Bach – We Are Family» var mottoet for årets Bachfest Leipzig, som gjekk av stabelen frå 9. til 19. juni og med 153 arrangement og 64.000 publikummarar er verdas største Bach-festival. Statistikken imponerer: Over 3000 musikarar medverka, mellom dei 51 kor, 43 orkester, 54 dirigentar og 208 solistar. Sjølv om delar av verda framleis har reiserestriksjonar, kom publikum frå over femti land, noko som gjer Bachfest til den mest internasjonale klassisk musikk-festivalen i Tyskland.

For meg som kom rett frå Festspillene i Bergen, kunne ikkje kvalitetskontrasten ha vore større. I Bergen gjekk festspela på sparebluss i år, med oppsiktvekkjande få interessante klassiske konsertar. I Leipzig, derimot, fekk dei i stand ein av dei beste festivalane eg har opplevd.

Med unntak av ein støttekonsert for Ukraina spelte ikkje politikk, klima og alt som sorterer under sekkeomgrepet «mangfald», noka rolle i Leipzig – i motsetnad til i Bergen. For Bachfest er det den kunstnarlege kvaliteten som kompromisslaust står i fokus, og sjølvsagt kjærleiken til J.S. Bachs musikk. Det er herleg, for alt det politiske som pregar kunstfeltet i Noreg, får me jo rikeleg av elles, anten me opnar ei avis eller skrur på radioen eller fjernsynet.

«Bachar» i Kyiv

«Bach – We Are Family» – korleis skal me skjøna dette mottoet? For Bachfest hadde det ei dobbel tyding: éi konkret og éi overført.

J.S. Bach, som blei fødd i Eisenach i 1685 og døydde som kantor i Thomaskyrkja i Leipzig i 1750, var så visst ikkje noko musikalsk løvetannbarn. Han var den fagraste blomen på Tysklands største musikarslektstre, med over 80 komponistar og musikarar på 1600- og 1700-talet. Så dominerande var Bach-familien i det som i dag er delstatane Thüringen og Sachsen, at omgrepet «bach» blei nytta synonymt med «musikar» heilt fram til slutten av 1700-talet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement