Teater
Slik kan teater også vere
An Oak Tree er ei framsyning om livet og teateret som du kanskje aldri har sett det før.
Vidar Magnussen og Tim Crouch på scena i Bergen.
Foto: Thor Brødreskift
Dette stykket har berre to roller. Den eine speler forfattaren sjølv, den andre rolla er det kvar kveld ein ny skodespelar som trer inn i. Og premissen for den andre er at han/ho ikkje kjenner teksten og heller ikkje på førehand får vite korleis rolla er. Ein sentral føresetnad for tradisjonell teaterkunst er altså broten.
Forfattaren speler sjølv ein 60 år gammal psykolog og hypnotisør som har komme i skade for å køyre på og drepe ei ung kvinne. «Motparten» er den sørgjande faren til denne kvinna. I framsyninga eg såg, var det ein litt forvirra og utrygg Vidar Magnussen som hadde den andre rolla. Undervegs fekk han instruksjonar og replikkar, skriftleg eller «på øyret», som han skulle følgje.
Det blei ei uvanleg teateroppleving, der det uvanlege likevel ikkje fekk skyggje for eit djupare innhald om tap, sorg og skuldkjensle, men også om ordets kraft og kva teater også kan vere. Ikkje berre vil ein som publikummar vite korleis det heile utviklar seg og endar; eit ekstra moment er å sjå korleis den gjestande skodespelaren taklar oppgåva si, korleis han responderer på signala han får, korleis han evnar å improvisere og spele med i det dramaet han heilt uførebudd blir kasta inn i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.