Bok

Slik levde dei då

Vaage skriv med djup innsikt i menneskesinnet.

Lars Amund Vaage har fått fleire litterære prisar, og bøkene hans er omsette til fleire språk.
Lars Amund Vaage har fått fleire litterære prisar, og bøkene hans er omsette til fleire språk.
Publisert

Somme vil helst vera åleine med tankane sine, andre deler dei tidt på tomannshand, men nokre få har det slik at dei blømer best i forsamlingar. Til den siste kategorien høyrer Gabriel Hauge, den viktigaste bipersonen i romanen Mjølketid av Lars Amund Vaage. Hovudpersonen i denne romanen er kona til Gabriel, Clara, som litt om kvarandre minnest nær og fjern fortid med og utan Gabriel.

Clara tenkjer som det gamle mennesket ho er, men stundom også som den unge jenta ho var, og alt er truverdig, her er det fjerne skildra utan anakronismar, heile teksten verkar røynleg, noko som truleg kjem av at forfattaren har eit faktisk fundament for romanen, og dette fundamentet må vera livet til diktaren, småbrukaren og folketalaren Ragnvald Vaage, og kona hans, Dorothea, som til liks med Clara i romanen var dotter til ein bergensk lærar og klokkar.

Fjøsstell

Om eg no har fått genealogien rett, eller proveniensen, som Kåre Willoch ville ha sagt, var Ragnvald Vaage bestefar til Lars Amund Vaage. Men å kjenna til dette er ikkje avgjerande for opplevinga av boka. Forfattaren legg seg tett på Clara, og ved å halda seg der skriv han fram ei sterk og interessant, men samstundes alminneleg soge med fascinerande vitnemål frå ei tid som ikkje er fjern, rekna i år, men langt borte om ein reknar i kår.

Skildringa av arbeidet på ein liten vestlandsgard er mellom det aller beste i denne romanen, og særleg gjeld det fjøsstellet. Fjøsstell var kvinnearbeid, og enno lever det vel att nokre som hugsar det slik Vaage skriv i denne boka, der han mellom anna stiller spørsmål om kvifor dette tunge strevet vart rekna for noko kvinnene skulle ha ansvaret for.

Vaage stoggar ofte opp ved fenomen som kjem fram i teksten, alt lyt sjåast grundig på, tidt ved at talerøyret Clara stiller seg spørsmål ved slikt ho kanskje ikkje grunda så nøye over før, og alt er skrive med djup innsikt i menneskesinnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement