Musikk

Smått og godt

Fransk orgelmusikk er ei eiga verd.

Koparstikk frå boka «L’art du facteur d’orgues» av François Bédos de Celles (1709–1779). Her ser me kalkanten og organisten i aksjon.
Koparstikk frå boka «L’art du facteur d’orgues» av François Bédos de Celles (1709–1779). Her ser me kalkanten og organisten i aksjon.
Publisert Sist oppdatert

Barokken var orgelets gullalder, både når det gjeld instrumenta og komposisjonane. At orgelet var den mest avanserte maskina menneskeslekta til då hadde skapt, verkar innlysande når ein veit om den intrikate mekanikken som måtte til for å operera store instrument. Det i Nikolaikyrkja i Hamburg frå 1680-talet, til dømes, hadde heile 67 register, fire manual (klaviatur), pedal og meir enn 4000 piper.

Prosessen med å omgjera luft til musikk var komplisert. Den såkalla vindforsyninga kom i stand ved at nokon pumpa lufta med svære belgar. Slike belgtrøarar hadde eit eige yrkesnamn, nemleg kalkantar. Vindladen fordelte så lufta til pipene, og trakturen var mekanismen som batt saman vindladen og spelepulten. Denne spelepulten, der organisten sat, var «operasjonssentralen» for det heile. Så hadde ein orgelhuset, altså veggene og fasaden som omslutta instrumentet. Den forseggjorde fasaden, som lik triumfbogen sameinte skulptur og arkitektur, var orgelets visuelle uttrykk.

Kor mange einskilddelar eit slikt orgel var sett saman av, tør eg knapt tenkja på.

Eiga verd

Det var i det protestantiske Nord-Europa orgelkulturen stod sterkast. Men også det katolske Frankrike hadde storfelte orgel, sjølv om det der spelte ei ganske anna rolle. I lutherske land var orgelet den lydlege berebjelken som stødde opp under salmesongen, og det fungerte også som konsertinstrument. I Frankrike, derimot, var det heilt bunde til liturgien, og då berre med stutte mellomspel. Fransk orgelmusikk er difor ei eiga verd, som for dei fleste – inkludert meg – verkar ganske ukjend.

Ansatsar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement