Bok

Solid biografi

Biografien om Ludvig Mylius-Erichsen gjev eit godt bilete av viktige føresetnader for den særeigne danske polartradisjonen.

Kunstmålar Harald Moltke, tolk Knud Rasmussen og forfattar Ludvig Mylius-Erichsen på veg til Grønland i 1902 for å studere inuitkulturen. «Man må leve eskimoenes liv hos og med ham», forklarte Rasmussen før dei drog.
Kunstmålar Harald Moltke, tolk Knud Rasmussen og forfattar Ludvig Mylius-Erichsen på veg til Grønland i 1902 for å studere inuitkulturen. «Man må leve eskimoenes liv hos og med ham», forklarte Rasmussen før dei drog.
Publisert

Det går ei grense ein stad ute i Framstredet. Danskane ser mot Grønland og nordmenn mot Svalbard og Barentshavet. Det påstår i alle fall vitskapsmenn når dei ikkje får støtte til forskingsprosjekt med eit breiare arktisk perspektiv, sidan styresmaktene er så opptekne av sitt Arktis at dei gløymer at havstraumane og sjøpattedyra ikkje bryr seg om slike grenser.

Eg trur også ein med rette kan hevde at me nordmenn heller ikkje er så opptekne av dansk og grønlandsk polarhistorie. Og truleg forsvann mykje av interessa vår etter tapet mot Danmark om Aust-Grønland i den internasjonale domstolen i Haag i 1933. Likevel: Danskane har Knud Rasmussen og Peter Freuchen. Dei har dei namngjetne Thule-ekspedisjonane. Dei har drøssevis med forteljingar om forskarar som reiste ut for å studere dei innfødde – og deira særeigne liv og kultur i verdas tøffaste klima. Og dei har ei vanskeleg kolonihistorie.

Grøndlandsekspedisjon

Og så har dei Ludvig Mylius-Erichsen. Ein av Danmarks mest ettersøkte menn. No har denne pioneren i den danske polare kulturforskingstradisjonen fått ein solid biografi.

Mylius-Erichsen var forfattar som skreiv med utgangspunkt i den heimlege vestjyske naturen. Han var journalist i den kulturradikale avisa Politiken, i krinsen rundt Edvard og Georg Brandes. Han vart i 1900 sekretær i Dansk Turistforening og organiserte eit studenttokt til Færøyane og Island. På denne turen, då han fyrst var på Island, fekk han ein idé: Kunne dei ikkje svinge bortom Aust-Grønland? Men impulsen stranda på meldingar om vanskelege istilhøve. Og det var fleire enn Mylius-Erichsen som vart skuffa om bord: Den 21 år gamle studenten Knud Rasmussen lengta attende til øya han hadde vakse opp på.

Men ideen var sådd. Utan annan arktisk kunnskap enn han hadde lese seg til, tok Mylius-Erichsen initiativet til ein Grønlands-ekspedisjon. Og han skulle vere noko nytt og anna. Han skulle ikkje ut og hente plantar- og steinprøvar. Han skulle studere folk. Og skrive om folk, livet og forteljingane deira. Difor samla han ein kunstmålar, ein lækjar, ein tolk og seg sjølv som sagaskrivar – og lanserte Den danske litterære Grønlands-Ekspedition. «En rejse på trods og på tværs af traditioner», som biograf Janni Andreassen kallar ferda. Ekspedisjonen varte i to år, og dei kom heile vegen nord til dei såkalla polareskimoane i område som seinare vart kjende som Thule – dit det danske kolonivesenet endå ikkje hadde nådd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement