Musikk

Solide røter

Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.

Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.
Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.
Publisert

Grundt er svært aktiv på platefronten. I mai gav ho ut kvintett-plata Live at Dokkhuset med Nils-Olav Johansen som gjest. For to veker sidan kom Illuminate, eit studioopptak frå 7. mars i år. Med unnatak for trommeslagaren Fredrik Villmow er kvartetten den same som var med på Order and Chaos frå 2020.

Dei sju låtane utgjer eit utsøkt repertoar som alle kan plasserast i den romlege mainstreamsekken, men her er rik variasjon i tempo og temperament.

Sjølv om Grundt har inkludert dei eviggrøne «Nature Boy» og «The Night Has a Thousand Eyes», står dei fire bidraga hennar og «Sunday Blues» av Storaas seg godt mot desse bautaene i standardrepertoaret.

Arrangementa er utsøkte. Her blir ikkje tatt grep som overraskar, men ein blir heile tida mint på kor effektivt arrangementa fungerer, og kor stilsikker kvartetten er. Kodaen på nemnde «The Night Has a Thousand Eyes» er nettopp ein slik herleg augneblink av formsikker musisering. Det ville vore å ynskja at den musikalske leiken på den humoristiske «Jumpin’ with Bobo» var endå friare og fandenivaldsk, men ein treffer ikkje planken kvar gong...

Grundt er alt anna enn vågalt ekspressiv som solist. Ho har ei melodisk åre i spelet sitt og tenkjer i heilskaplege strukturar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement