Bok

Solskin og sjalusi

Sally Rooney er ein fin debutroman som handlar om – og kanskje er skriven mest for – unge vaksne.

Den irske forfattaren Sally Rooney har publisert artiklar i litterære tidsskrift som Granta og The Dublin Review. No har ho debutert som romanforfattar.
Den irske forfattaren Sally Rooney har publisert artiklar i litterære tidsskrift som Granta og The Dublin Review. No har ho debutert som romanforfattar.
Publisert

Då eg første gong såg Greta Gerwig-filmen Frances Ha, var eg 27 år gammal, slik som hovudpersonen med same namn. Eg var heilt ute av meg etterpå. Eg såg filmen igjen eit par år seinare og merka alt då at han hadde mista noko av krafta si; mykje av verdien med filmen var noko som trefte meg der eg var akkurat då.

Miljøet i Dublin

Sally Rooneys Frances er 21 år og studerer i Dublin, men Samtale med venner har likevel fellestrekk med – og endåtil eksplisitte referansar til – New York-filmen Frances Ha. Det handlar om kunst, kjærleik, venskap og einsemd i tidleg vaksenliv.

I tillegg til å vere aspirerande forfattar er Frances aktiv på spoken word-scena saman med kvikke og rappkjefta Bobbi, som ho omtalar som den einaste venen ho har, og som òg er ekskjærasten hennar. Via litteraturmiljøet blir dei kjende med ekteparet Melissa og Nick, som er om lag ti år eldre.

Sjalusi

Diverse omstende fører til personlege konfliktar: Frances blir sjalu på Melissa og Bobbi, Melissa og Bobbi blir sjalu på Frances og så bortetter. Frances innleier eit forhold til Nick, som er skrive fram så kjekt at ein blir nysgjerrig på om Rooney har tenkt på nokon spesiell. Starten på forelskinga er skildra så vanvitig presist at det i blant gjer vondt å lese: «Det var som om noen forsiktig hadde visket bort hele utseendet mitt med enden på en usynlig blyant. Det var en forunderlig følelse og faktisk ikke ubehagelig, selv om jeg også merket at jeg var kald og kanskje hutret.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement