Musikk
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Ei konsertoppleving er prega av kvar i salen ein sit. Ein gong høyrde eg Leonard Cohen frå eit sete midt på fyrste rad. I Berlin førre fredag var turen komen til Bob Dylan, etter førti år, stundom langt bak i store salar.
Foto- og blikkmotviljuge Dylan spelar i sterkt motljos, så skilnaden er ikkje synet, men ljoden. Kvelden før, på galleriet, forsvann røysta hans i opningssongen. Av di han kviskra, fann eg ut fredag, då eg høyrde kvart ord: «’There must be some way out of here,’ said the joker to the thief.»
Kviskringa bidreg til ein dynamikk vokalen elles har mista, men krev god ljod. Det har ein på fyrste rad. Der er me stille og asosiale. Ein teier før Shakespeare kjem på. I skjortelomma har sidemannen ein liten lapp med spelelista frå i går. Det har eg òg.
Etter albumet Rough and Rowdy Ways (2020) la Dylan ut på «World Wide Tour 2021–2024». Tre års verdsturné tek slutt på topp. Dylan vert eldre, men han syng og skriv betre – logisk nok. Det førre fleirårige prosjektet hans, Frank Sinatra-albuma og -konsertane (2015–2017), skjerpa framføringa hans. Nobelprisen i litteratur (2016) skjerpa skrivinga.
Det han spelar no, er dimed av det beste han har skapt. Skal ein døma etter songane han vel å spela, veit han det sjølv. I Berlin er drygt helvta av dei frå Rough and Rowdy Ways. Det kjennest rett. Få Dylan-album inneheld så mange karrierehøgdepunkt, og dei kjem på rad: «I Contain Multitudes», «Black Rider», «Key West (Philosopher Pirate)», «Mother of Muses». Legg til «Murder Most Foul», som han ikkje spelar live. Eg tenkjer: For eit album. Av hans beste. Mogen og kompleks poesi til melodiar som set seg.
Er det difor resten av songane i Berlin er frå 1960-åra? Av di berre dei kan måla seg med dei frå 2020? Dei unge eg pratar med i Berlin, set dei tidlege songane særs høgt. Frå 60-åra kjem ikkje hittar, men klassikarar: «Desolation Row», «It Aint Me, Babe», «It’s All Over Now, Baby Blue».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.