Kunst
Som ein trojansk hest
I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.
«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.
Britta Marakatt-Labba har sidan 1970-åra vore både kunstnar og miljøaktivist. I 1978 var ho med på å etablere den politisk radikale kunstnargruppa Mázejoavku, og ho tok del i Alta-aksjonane. Verket Kråkene frå 1981 blei laga som ein protest mot utbygginga av Alta–Kautokeino-vassdraget, og verket er i dag for mange eit symbol for kampen mot overgrep i statleg regi.
I dag er ho ein stor inspirasjon for yngre samiske aktivistar, og som kunstnar får ho stadig større anerkjenning. Deltakinga i samtidskunstutstillinga Documenta 14 i Tyskland i 2017 var eit internasjonalt gjennombrot. Marakatt-Labba var også representert i hovudutstillinga på Veneziabiennalen i 2022 med blant anna verket Global oppvarming frå 2021, som me også kan sjå på Nasjonalmuseet.
Maktforhold
Utstillingsrommet i andre etasje er dunkelt belyst, og måten kunstverka er monterte på, er ved første augekast lite spennande. Ein kvitmåla, låg plankevegg dannar eit rom i rommet. På utsida av veggen heng innramma broderi på rad og rekkje, og litt utpå golvet finn ein nokre installasjonar.
Mange av broderia har motiv frå samisk kvardag og religion. Naturvern og klimaendringar er andre sentrale motiv. Her er klyngjer med telt, reinsdyr, endelause rekkjer av fotspor i snøen, skog, elv og høg himmel. Installasjonen Hendelser i tid representerer eit unntak i utstillinga med motiv frå massedrapet på Utøya i 2011.
Etter kvart ser me marerittscener med svære rotter som angrip sovande familiar, og i Kråkene ser me korleis fuglane gradvis forvandlar seg til politifolk etter kvart som dei nærmar seg små grupper med samar som sit samla på snøen utanfor telta sine. Det ujamne maktforholdet blir tydeleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.