Kunst

Sommaren på Kapp

Den staselege embetsgarden frå 1700-talet er mest kjend for dei mange og godt bevarte veggmåleria av Peder Balke. I tillegg vert det vist nye utstillingar kvar sommar, i år med keramikarane Nina Malterud og Torbjørn Kvasbø.

Den største av installasjonane til Torbjørn Kvasbø er plassert på det gamle kjøkkenet i første etasje.
Den største av installasjonane til Torbjørn Kvasbø er plassert på det gamle kjøkkenet i første etasje.
Publisert

Det var ein nydeleg sommardag eg gjekk den lange grusvegen opp mot garden Billerud, det som i dag er Peder Balke-senteret. Vegen skar gjennom eit stort jorde med gylne kornaks, nedanfor låg Mjøsa, stille og blå.

Når vi nærmar oss, kjem vi til den digre jarnskulpturen «Allium» (2014) av Sverre Wyller, som dannar ein portal over vegen. Den struttande, vitale laukforma er med på å setje stemninga: På Peder Balke-senteret møtest det gamle og det nye med den største sjølvfølga. Heile gardstunet yrer av liv. I løa er det verkstadar for kunstnarar, i kafeen og gåvebutikken myldrar det av kundar, endåtil den elegante vesle rosehagen er velhalden.

Det er underleg å tenke på at berre nokre få dagar etter det solfylte besøket på Kapp, kom ekstremvêret Hans, og himmelen opna seg og brasa over heile Sør-Noreg. Til alt hell berga Peder Balke-senteret seg bra.

Festsalen

Sjølve hovudattraksjonen finn vi i det bleikfiolette hovudhuset frå 1767: den rikt dekorerte festsalen i andre etasje. Storslegne landskap faldar seg utover veggflatene i gyllenbrune tonar, endåtil opningane over dørene er pryda med bilde. Det er noko helt eige over måleria til Peder Balke (1804–1887), korleis han har pensla fram nordnorsk natur i all sin dramatikk i nokre av scenene.

Her er dramatiske kystscener, med forvridde knausar og brusande fossar mot ein himmel fylt med lunefulle skyformasjonar. Her er også skildringar av det vennlege og slake terrenget på Toten. Måleria er i stil og tema karakteristiske for romantikken, som var den rådande stilretninga på denne tida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement