Bok

Song frå Sunnmøre

Terje Aarset har arrangert 60 songar for blandakor eller for song og piano.

Publisert

Terje Aarset (f. 1945) har den sjeldne kombinasjonen av språkforsking på høgt nivå og musikk på høgt nivå. Han er professor emeritus i norsk språk ved Høgskulen i Volda, og han har arbeidd med Ivar Aasen, med namnegransking og med den nynorske songskatten.

I føreordet til denne notesamlinga fortel han om ein oppvekst med blokkfløyte, trompet, piano, felespel, gamaldans, korsong og strev etter ei formell musikkutdanning, som ikkje lukkast. Likevel har han teke for seg fleire hundre songar og særleg folketonar. Om lag halvparten av denne utvalde samlinga på 60 arrangement er for kor, og resten er for song og piano og for ulike instrument.

Delikat fornying

Aarset er eit interessant døme på at sjølv utan doktorgrad kan ein verta språkprofessor, og utan mastergrad frå musikkhøgskule kan ein verta ein god arrangør. Prøving, feiling og praksis gjev kompetanse, og Aarset har hatt den lukka at satsane hans er vortne prøvde ut og har stått på programmet for kor og musikarar gjennom mange år. Det er nok ei hjelp for opphavsmannen å bu på Sunnmøre, kan hende det rikaste songmiljøet i landet, med Ørsta og Volda som fruktbare senter.

Ivar Aasen-spesialisten Aarset har naturleg nok inkludert ei rad med tekstar av Aasen, men også av mellom andre Blix, Sivle, Hovden og Sande. Mange av tekstforfattarane og komponistane har røter på Sunnmøre, og det gjer samlinga til ei gullgruve nettopp der. Men her er også mykje å henta for heile Kor-Noreg.

Fleire av songane finst frå før i originalsatsar, til dømes «Nordnorsk julesalme» av Trygve Hoff og «De hyrder stirret» av Kjell Mørk Karlsen. Om ein samanliknar med originalen, gjev Aarset desse ei delikat fornying med varsame tilsetjingar av ekstra harmonisk krydder som gjev ein frodig verknad. Denne type harmonisering er typisk også for dei andre satsane, ei tradisjonell koralharmonisering med ein medviten bruk av romantiske effektar og med god stemmeføring. I stil knyter han seg til 1900-tradisjonen frå Eyvind Alnæs fram til til dømes Sigvald Tveit.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement