Bok

Songar utan song

Fleire av songtekstane til Saabye Christensen er reint ut rørande, og det manglar heller ikkje humor, skriv Ragnar Hovland.

Då Norsk Utflukt lanserte eit nytt album 4. mars 2002: F.v. Espen Fjelle, Baard Slagsvold, Lars Saabye Christensen, Tore Wildhauer og Kåre Virud.
Då Norsk Utflukt lanserte eit nytt album 4. mars 2002: F.v. Espen Fjelle, Baard Slagsvold, Lars Saabye Christensen, Tore Wildhauer og Kåre Virud.
Publisert

Eg kan ikkje slå fast kor og når det heile begynte. Men eg har ei slags førestilling om at ein finn starten i New York ein gong på 1950-talet, der dei legendariske beatpoetane las beatdikta sine mens kjende jazzmusikarar spelte på instrumenta sine.

Omgrepet «jazz og lyrikk» var uansett skapt. Eg kan heller ikkje slå fast absolutt sikkert kven som var først ute med desse greiene her til lands, men den første eg kjenner til, er iallfall Jan Erik Vold med Jan Garbareks kvartett.

Litterær legende

Lars Saabye Christensen er ei litterær legende her i landet, og han har til og med klart å bli folkekjær, både som høgt prisa romanforfattar, lyrikar og som opplesar til musikk.

Hos Lars Saabye Christensen (som vi frå no av vil kalle Saabye) begynte det med ein brukt akustisk gitar og ein trong til å skrive eigne songar, på engelsk, inspirert av idol som The Beatles, The Doors (og då særleg poet og front- og villmann Jim Morrison) og ikkje minst dei store bluespoetane med Willie Dixon i spissen. Eg vil tippe at han i desse åra med gitaren også song dei songane han skreiv. Det slutta han med, noko eg kjem tilbake til.

Blues på norsk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement