Musikk
Songbar avantgardepop
FKA Twigs briljerer med framifrå låtskriving, stemmebruk og produksjon.
Britiske FKA Twigs
opererer i overlappen mellom stilartar som R&B, elektropop,
triphop og techno. Tittelen på det nyaste albumet hennar, Eusexua, er
eit nyord ho definerer som toppen av menneskeleg oppleving: ein transcendental tilstand framkalla av kunst, musikk,
sex og einskap.
På Eusexua tar FKA Twigs i bruk sitt enorme register og si dynamiske stemmeprakt på virtuost vis. Ved sida av seint 1990-tals-Madonna-liknande vendingar høyrest hint av Björk-knekk og
Kate Bush-aktige trillar både her og der.
Produksjonen fengjer
og utfordrar heile vegen frå start til slutt. Svære basstrommer
rullar over låta «Drums of Death»
og knar, lik ein dampvegvals på spa, opphakka vokalar og konsonantar med merksnodig metrisk underdeling og melodiske vekselverknader mellom
forvitnelege sprang gjennom usedvanlege toneartar og songbare refreng, saman til ein luftig deig av intens og stormfull godstemning.
«Perfect
Stranger» er spretten, lett og fengjande krydra med eksotiske
detaljar som held det heile i konstant driv og rørsle, og når
fire–fire-basstromma dunkar inn i siste refreng, er komposisjonen fullenda.
Tilstanden FKA
Twigs kallar eusexua, kan føre til ei bølgje av lykke, ei
kjensle av endelause sjansar; vi balanserer på kanten av
openberring og forløysing.
Der tidlegare FKA
Twigs-utgjevingar har vore noko ujamne og lefla litt vel mykje med
triphopklisjear, er Eusexua stødig og i stadig rørsle. Tittelen set lista høgt, og om eg
ikkje naudsynt oppnår eusexua når eg høyrer på Eusexua, er dette sanneleg gode
greier.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.