Musikk
Sordinert suveren
I den kongelege sørgjekanteten får Telemann fram avglansen av jordisk prakt.
Georg II av Storbritannia, her ved slaget ved Dettingen i 1743, der han som siste britiske suveren sjølv leia soldatane sine i strid.Georg II av Storbritannia, her ved slaget ved Dettingen i 1743, der han som siste britiske suveren sjølv leia soldatane sine i strid.
Orkesteret Barockwerk Hamburg lanserte tidlegare i år eit interessant album med to krigskantatar som Georg Philipp Telemann (1681–1767) skreiv under sjuårskrigen, som rasa mellom 1756 og 1763. Det same ensemblet gav for tre år sidan ut det fyrste albumet sitt med denne tematikken. Det inneheld tre kantatar komponerte til dei såkalla hannoveranske kongane av Storbritannia, Georg II og Georg III, som regjerte i kurfyrstedømmet Hannover i ein personalunion.
Telemann var musikkdirektør i den frie riksbyen Hamburg, ein republikk som i prinsippet var nøytral i konflikten. Men i krigen mot Frankrike støtta hamburgarane i røynda den viktigaste handelspartnaren deira, Storbritannia.
Det var truleg medlemmer av The Company of the Merchant Adventurers som tinga kantatane av Telemann. Dette engelske kjøpmannslauget, som blei stifta på 1400-talet, nytte tollfridom i hamnebyen heilt fram til 1800-talet – litt som hanseatane på «tyskebryggen» i Bergen, altså. Handelskvarteret deira, med byens vakraste gotiske borgarhus, og jamvel Hamburgs domkyrkje, hadde ekstraterritoriell status og var difor ikkje under republikkens lovgjeving.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.