Sorgmonster i rekekabaret

Heidi Furre skriv med djup innsikt i menneskesinnet i Technotika.

Heidi Furres femte roman er nominert til Brageprisen 2024.
Heidi Furres femte roman er nominert til Brageprisen 2024.
Publisert

Livet er utan dramaturgi, tenkjer stundom hovudpersonen i romanen Technotika, ei kvinne på om lag 25 år, student utan tydeleg mål, einsleg Tinder-brukar med ei Skybert-liknande venninne, Leila, men først og fremst med eit stort tap å bera på, den fem år yngre broren som døydde av kreft. Sorga er til stades i alt ho tenkjer, observerer og gjer. Når ho også tenkjer at livet er ein rekekabaret, ser denne lesaren føre seg den dissande aspiken som sorga, det som alt anna er sausa inn i. Og der inne er vel ho også, som eit sorgmonster.

Det er sommar, og ho og Leila har flytta mellombels inn i eit bygg som vert kalla Technotika, det er eit tidlegare studentkollektiv som elles står tomt om sommaren. Leila gjer heller lite av seg, men den sørgmodige rører seg rundt i området, og kjem etter kvart i kontakt med ein gut, Samuel, som står bak disken på ein bensinstasjon.

Himmelen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement