Musikk
Sorgmuntert
Münchner Rundfunkorchester trekkjer fram ein gløymd 1800-talssymfonikar.
Den tysk-nederlandske komponisten Johann Wilhelm Wilms (1772–1847).
Æraen med Haydn, Mozart og Beethoven i tiåra kring 1800 har ein dominerande posisjon i dagens klassiske musikkliv. Men der er lite plass til andre komponistar enn dei kanoniserte. Difor er det alltid interessant når det kjem innspelingar av gløymde meistrar frå perioden. Slike oppdagingar har plateselskapet CPO spesialisert seg på, og her presenterer dei éin symfoni og fire orkesterouverturar av Johann Wilhelm Wilms.
Han kom til verda i 1772 i det som i dag er den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen, men flytte alt i slutten av tenåra til Amsterdam, der han blei buande til han døydde i 1847. Nærare 200 verk – mellom dei sju symfoniar, fem ouverturar og fem klaverkonsertar – hadde han då på samvitet.
Mange av Wilms’ orkesterverk blei trykte i den kresne musikkmetropolen Leipzig, noko som vitnar om populariteten hans. Symfoni nr. 6 i d-moll, op. 58 (1819), skulle likevel bli ein av dei siste suksessane hans.
I 1821 råka lagnaden hardt. Kona døydde etter å ha sett eit daudt barn til verda, og brått sat han igjen som åleineforsørgjar for fire små. Året etter bar han også den to år gamle yngstedottera til grava. Svartsyn gjorde at han trekte seg stadig meir attende frå ålmenta og tente til livsopphaldet som – etter kvart blind – organist.
Solid messing
Den dystre d-mollsymfonien syner ein komponist på høgd med tida si. Dei musikalske temaa i opningssatsens eksposisjon (spor 1) er samvitsfullt forma og fantasifullt varierte, og kontrapunktikken mot slutten, i det som på fagspråket heiter gjennomføringsdelen, vitnar om ein skolert musikar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.