Film
Sørlege spark bak
Både miljø og enkeltpersonar kan nok finna på å kjenna seg krenkte etter å ha sett Perleporten.
Ein delegasjon på plass i Romania.
Foto: Beelzebub Pictures AS / Norsk Film Distribusjon
Etter at kona (Pedersen) oppdagar at Trond (Løge) igjen er speleavhengig, prøver han fyrst å ta sitt eige liv for så å finna Jesus og ein forretningsidé i same slengen. Det kristne verdikompasset svingar i alle retningar, litt som Trond og som filmen sjølv.
Perleportvaktaren
Det har gått nokre år sidan regissør og manusforfattar Jonas Matzow Gulbrandsen overraska meg positivt med debutspelefilmen Skyggenes dal (2017). Igjen har han bror Marius på foto, og igjen står han sjølv for manus. Det mystiske, vakre og funderande i førre film er bytt ut med det krasse, klønete og morosame i Perleporten, ein totalt annleis film, nesten amatørmessig til tider – grenselaust urealistisk og fantasifull, og så plutseleg reine Brennpunkt på galeien (noko graveprogramserien innimellom rett nok er).
Ferda til Romania på leit etter romfolkets palass er både pinleg og morosam, og visstnok basert på ein tur gjord av ein tidlegare KrF-varaordførar i Kristiansand i 2016. Her er så mange krumspring og ville innfall at det verkar til tider som manuset har vorte til mens dei filma.
Toppen av vepsebolet?
Dobbeltmoral i kristne miljø, grådigskapskultur, materialisme, falske nyhende – det er ikkje lite som står på plakaten i Perleporten. Morten Løge gjer ein god figur som ein dårleg figur. At mange amatørar står for sentrale roller, både styrker og svekker filmen – ein del scener er lite truverdige og oppstylta, slik at det kjennest som dårleg teater, medan til dømes sekvensane med varaordføraren, spelt av Per Kullerud, er kostelege og bidreg til å gjera filmen til ein akkurat passeleg slem og infam satire.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.