Film
Sosialurealisme?
Den gamle samfunnsrefsaren Ken Loach verkar like oppsett på å gje folk håp som på å gje folk fingeren.
Pubeigaren TJ (Dave Turner) blir ven med den syriske flyktningen Yara (Ebla Mari). Filmen har norsk premiere 25. desember.
Foto: Ymer Media
Då ein buss flyktningar frå Syria kjem til den tidlegare gruvebyen i Nord-England, blir det dårleg stemning blant innbyggarane. Yara (Mari) går av bussen med mor og resten av syskena, og det er TJ (Turner), den lokale pubeigaren, som går mellom då det blir hissige gemytt blant dei oppmøtte. Difor er det han Yara går til for å få hjelp til å få fiksa kameraet sitt.
Bittert
Er du ein av dei mange som er imponert over Ridley Scott (f. 1937), som framleis regjerer i regissørstolen, no sist med storfilmen Napoleon? Like mykje virak har det ikkje vore rundt Ken Loach, som faktisk er eitt år eldre enn den nordengelske filmkollegaen. Og spør du meg, er det hakket meir imponerande stadig å ta opp viktige problemstillingar i samfunnet, slik Loach gjer og alltid har gjort, enn å portrettera Napoleon for n-te gong.
Det er ikkje mange år sidan Loach leverte den fabelaktige Sorry We Missed You (2019), om det umenneskelege presset på grunnleggande arbeidskraft i Storbritannia i nyare tid, for eksempel i heimesjukepleia og posttenestene. Du kan godt sjå den for å prisa deg lukkeleg over at new public management i det minste er hakket mindre etablert her enn i nabolandet vårt.
Men Loach kviler ikkje på sine sosialrealismelaurbær – for i kjølvatnet av ein arbeidarklasse som knapt har arbeid igjen, kjem bitre kjensler overfor dei kanskje einaste som har endå mindre å mista, nemleg dei som er på flukt i verda, og som tilfeldigvis hamnar i nabohuset deira.
Søtt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.