Film

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Publisert Sist oppdatert

Sommaren i Quebec er varm. Bastien (Engel) er snart fjorten. Familien hans vitjar heimtraktene til mora (Chokri). Venninna hennar har dottera Chloé (Montpetit) på seksten. Ho er tøff. Mora kallar ho heks. Chloé er oppteken av at det spøkjer i vatnet dei plar bade i. Bastien er oppslukt av jenta som ligg framom han i tenåringsløypa.

Ô Canada

Charlotte Le Bon har ein solid karriere som skodespelar og debuterer no som spelefilmregissør. Ho lukkast. Falcon Lake er presis i stilen, har fjong sjangerleik og manar effektfullt fram kjensler. Smalt biletutsnitt fremjar fokuset til Bastien, det tett trekledde landskapet og klamme sosiale situasjonar.

Forteljinga er ramma inn som stillfarande oppvekstdrama om den store sommaren med fyrste forelsking, men stendig kjem morbide drypp av hint til skrekksjangeren. I opningsscena verkar det som det ligg eit lik i vatnet. Chloé poserer no og då livlaus. Ein plakat av Hitchcocks Psycho, flittig bruk av laken, ein hang til å få Bastien og oss til å kveppe. Dei tydelege hinta leikar med publikum. Musikken til svenske Shida Shahabi er glitrande. Ho utporsjonerer pertentleg og spreier vakkert uro utan å ty til det trauste.

Canada har fått sving på sjangerfilm med grøssarar som Violation av Madeleine Sims-Fewer og Dusty Mancinelli og komediar som Shiva Baby av Emma Seligman, og ei blanding av begge i Humanist Vampire Seeking Consenting Suicidal Person av Ariane Louis-Seize med Sara Montpetit i hovudrolla. Monia Chokri, som spelar mora til Bastien, regisserer dei friskaste canadiske komediane, som The Nature of Love. Med folk som Le Bon og Chokri byr Quebec på meir enn stjerneregissør Xavier Dolan.

Guten gløttar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement