Bok

Spennande nytt stoff om Englandsfarten

Eit nytt blad av Vestlandets krigshistorie er skrive.

Mannskap om bord i «Bergholm».
Mannskap om bord i «Bergholm».
Publisert

Boka Bergholm gjev oss ein nærstudie av fiskeskøyta «Bergholm» av Måløy (1911–1943) og det vekslande mannskapet hennar, bakgrunnen til eigaren og lokalhistoria omkring, og især då kva båten fekk å seie for Shetlandsgjengen i nokre krigsår.

Asgeir Ueland har alt gjort ein stor innsats for auka forståing av krigshistoria som har vorte lagt godt merke til, med bøkene sine om Tungtvannsaksjonen (2013) og Shetlandsgjengen (2017). Om Shetlandsgjengen skreiv Bjørn Gabrielsen i Dagens Næringsliv at «ingen krigsbokhylle er komplett uten denne». Det var nemleg fyrste gong etter alle dei år at det vart skapt ei samlande framstilling om Shetlandsgjengen og deira rolle i Englandsfarten: forrykande full av spennande, detaljerte skildringar og med eit vell av kjeldetilvisingar som interesserte kan gå vidare på.

Reiser eit Monument

Som eg hadde høve til å diskutere med eit klokt menneske her om dagen: Det er ikkje slik at det som hende på kysten, om det så er i Vestfold, og rundt heilt til Kirkenes, vart like godt lagt merke til som aksjonane i og omkring osloområdet. Fiskarar, sjøfolk og andre som vart involverte i motstandskamp på land eller til sjøs, har på ingen måte fått den merksemda dei burde ha fått. Dei var liksom tilfeldigvis der.

Ueland reiser eit monument over heilt alminnelege folk som friviljug gjekk i teneste for å motarbeide okkupasjonsmakta, under farefulle omskiftingar. Ikkje alle klarte seg gjennom krigen av dei som var om bord i «Bergholm» ved ulike høve. Framstillinga er nennsam, respektfull, men innlevande og med god bruk og drøfting av skriftlege kjelder som eksisterer, så vel som munnleg formidla minne. Vi manglar ein minnepolitikk i Noreg, fleire bøker som liknar på denne, kan kanskje lokke fram noko som liknar.

I boka om Shetlandsgjengen skapte Ueland eit stort mønster og ein tett kontekst for verksemda til dei modige folka som våga livet for å berge andre. Shetlands-Larsen har fått statue og er framleis nokså kjend, ikkje mange av dei andre. Nokre av dei dukkar likevel opp igjen her og plasserer seg i ei forteljing med mange omkastingar, som gjer at vi skjønar meir av kva dei vart utsette for, og motivasjonen deira, og kor prekært alt alltid var.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement