Musikk
Språklaus kveding
Ein byggjer ikkje ut fleire vassdrag etter å ha høyrt Kvedarkvintetten.
Kvedarkvintetten utfordrar vokaltradisjonen med det nyaste albumet.
Foto: Jenny Berger Myhre / Heilo
Det er ikkje mykje som overgår kvinnesong innanfor folkemusikken. Og Kvedarkvintetten kjem høgt på lista med fleirstemt og ordlaus song. Om du har Myhr til etternamn, er du nesten forplikta til å laga framifrå musikk. Me kjenner gitaristen Kim Myhr og bassisten Adrian Myhr frå fleire spanande prosjekt. Og vokalisten og hardingfelespelaren Helga Myhr kjenner me frå fleire utmerkte samanhengar tidlegare. I Kvedarkvintetten finn ho sin naturlege plass saman med Sina og Margit Myhr. I tillegg er Silje Risdal Liahagen og Tonje Risdal Liahagen viktige delar av denne songkvintetten.
Tingingsverk
Verket, som er skrive av Jorun Marie Kvernberg, hadde urframføring under Førdefestivalen 2021. Tagal kan tyda å teia still, vera taus eller ordlaus, og verket utfordrar rammene for vokalmusikk ved at tekstelementa er så godt som fråverande. Å «låte på kjafte», altså å syngje instrumentallåttar, er ei grein innanfor den tradisjonelle folkesongen.
Kvedarkvintetten har dei siste åra særleg gått i djupna på låttetralling. Med improvisasjon i eit ordlaust språk set dei saman småstavingar og finn fram til dei lydane som kan etterlikna til dømes felespelet best, som rytme og frasering. Dette er eit personleg og individuelt språk som kvar enkelt utøvar utviklar og er åleine om, og det er såleis unikt for Kvedarkvintetten å finne eitt felles trallespråk for fem stemmer.
Hallingdal
Alle fem vokalistane kjem frå Torpo i Hallingdal, og dette er den tredje utgjevinga deira. Me får ti komposisjonar, ni er komponerte av Kvernberg, mens ein er skriven av Helga Myhr og Silje Risdal Liahagen. Og frå dei opnar med «Mela og mu» og til avslutninga «Reisesong» er dette en oppvising i nydeleg, fleirstemd song.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.