Film

Språkleg fallgruvevandring

Heilt grei familieunderhaldning om du ikkje stiller for store krav til dialogen.

Filip Kremner og Hermine Svortevik Oen spelar hovudrollene som Birk og Magna.
Filip Kremner og Hermine Svortevik Oen spelar hovudrollene som Birk og Magna.
Publisert

Slemme kraftutbyggarar vil kjøpa den gamle vandrarheimen og eigedommen til Birk (Kremner) og adoptivfaren Arn (Jordal). Samtidig kjem Magna (Oen) og vil finna ut kvar det eigentleg vart av faren som forsvann for fleire år sidan i traktene rundt. Dei to ungdommane treng den andres hjelp i kampen mot slemmingar som har tenkt å utnytta det grøne skiftet til eiga vinning, som Magna kunne funne på å uttrykt det.

Dus med Blekkulf

Det grøne skiftet er iallfall i gang i underhaldningsbransjen. Og det med nyansar av naturvern mot miljøvern og grønvasking, som jo er fascinerande, då film ofte seier noko om tida me lever i. Noko meir dagsaktuelt enn å setja vindmølleentusiastar opp mot dei som elskar urørt natur, skal du leita lenge etter.

Dei gamle stereotypane lever for så vidt godt – slemmingane røyker og snakkar altfor høgt i mobiltelefon, mens dei snille går med islendar og gamaldags ryggsekk. Heltane er ofte veslevaksne, og det tolest godt, men her har det gått over stokk og stein.

Birk ser skeptisk på den nye gjesten Magna og lurer på om ho er ti år gamal. Etter at ho har lirt av seg linjer som «vi startet på feil fot i går» og «fremragende resonnert», blir eg overraska over at ho svarar 13 år, ikkje 73. Og når ho konstaterer at kalksteinen i gruva ser ustabil ut, men at avfallet ser ut til å vera lagra på riktig måte, så er eg sikker: Magna er ein pensjonert lektor forkledd som ei ung jente. Det er meir truverdig at Helge Jordal seier «klammeri med øvrigheten» – sånn har han jo snakka på film sidan 70-talet, ei tid der sånne uttrykk var «gjengs», som det pleidde heita.

Ikkje høyr på meg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement