Musikk

Springande

Masato Suzuki kom aldri inn på det essensielle i festival­samtalen med Leif Ove Andsnes.

Masato Suzuki og Leif Ove Andsnes i Kvinnherad kyrkje.
Masato Suzuki og Leif Ove Andsnes i Kvinnherad kyrkje.
Publisert

For klassiskinteresserte gjev namnet Suzuki ikkje berre assosiasjonar til motorsyklar, bilar og påhengsmotorar. Den japanske cembalisten, organisten og dirigenten Masaaki Suzuki (fødd 1954) grunnla i 1990 Bach Collegium Japan. Med dette koret og barokkorkesteret har han markert seg som ein av verdas beste tolkarar av Bachs kyrkjekantatar, som han har spelt inn samtlege av på kring 50 album.

No er son hans, Masato Suzuki (fødd 1981), sjefdirigent for Bach Collegium Japan. Det var denne Suzukien som i helga vitja Rosendal Kammermusikkfestival, der han gav tre konsertar. Før konsertane førre fredag deltok han og Leif Ove Andsnes, festivalens kunstnarlege leiar, på arrangementet «Samtale om Bach» i Kvinnherad kyrkje. Men det me fekk, kan heller kallast «Samtale om Suzuki».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement