Kunst

Steinbra i Steinkjer

Det er imponerande når ei kunstforeining basert på frivillig innsats gir seg i kast med ei utstilling av dette formatet, og lukkast så godt.

Tore Reisch: «Tilbakefall», furu, eik, lønn, bjørk, bøk (2022).
Tore Reisch: «Tilbakefall», furu, eik, lønn, bjørk, bøk (2022).
Publisert Sist oppdatert

Steinkjer kunstforening har invitert seks kunstnarar til å velje seg kvart sitt verk til denne utstillinga. Det første møtet med utstillinga kjem allereie før vi går inn. Rett på brusteinen er det montert ei smal bogeform av steinblokker. Det slår i magen når vi oppdagar at verket er laga av fragment frå gravstøtter, på fleire av dei er delar av dei sirlege, gullbelagde inngraveringane og årstala lett leselege. Mange er ikkje særleg gamle heller. Støttene er grovt tilhogde, med spor etter tusjmerke frå tilverkingsprosessen.

Steinane har ulike vakre fargenyansar, og denne estetikken krasjar hardt mot opplevinga av at dette er ekte gravstøtter, som no er forkasta, lagde vekk. Skulpturen «Båten» får oss til å innsjå at vi nok er meir konvensjonelle enn det vi trur på dette punktet. Gravstøtter er noko som skal vere på kyrkjegarden, ferdig med det. Såleis kan ein gjenbruk som dette opplevast som skakande, nesten respektlaus. Og det er kanskje nettopp derfor verket vert så sterkt?

Mohed Omrani (f. 1963) er fødd i Iran og kom til Noreg som flyktning. I 2015 etablerte han seg i Steinkjer. «Båten» er laga spesielt for utstillinga. Det er vanskeleg å unngå å tenke på båtflyktningar, dei mange som berre forsvinn i bølgene og aldri får ein slik stein. Samstundes får verket oss til å reflektere over tilhøvet til våre døde, så vel som over vår eigen eksistens.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement