Sterk debut om ME
Silje Bergum Kinstens debutroman er både luftig og mektig.
Silje Bergum Kinsten skriv sterkt om det å ikkje vere seg sjølv, skriv Katrine Judit Urke.
Foto: Heidi Furre
I periodar når eg er trøytt og sliten, blir eg ofte stressa: Tenk om eg aldri blir meg sjølv igjen! Tenk om det ikkje går over!
Somme er så uheldige at det aldri går over.
Debutant Silje Bergum Kinsten skriv sterkt om akkurat dette med å vere eller ikkje vere seg sjølv. På ei eiga side står desse to små, men kraftfulle setningane: «Jeg savner meg selv. Tenk at det går an.» Hovudpersonen i romanen er utmatta, svimmel og kvalm, og vi følger henne frå symptom til symptom gjennom spesialisttimar fram til ho får diagnosen ME.
Boka startar med eit sitat av Virginia Woolf som etterlyser fleire bøker om sjukdom. Men i norsk litteratur har vi den siste tida fått opp til fleire skjønnlitterære bøker om kroniske lidingar. Vi har Kjersti Annesdatter Skomsvolds Monstermenneske som òg handlar om ME, og så har vi Olaug Nilssens Tung tids tale om autisme, Siri M. Kvammes Verden leker gjemsel om synstap og seinast debutanten Ragnhild Eskelands Føling om diabetes, for å nemne nokre.
Frå alt til ingenting
Alle desse «sjukdomsforfattarane» har valt nokså ulike metodar for å skrive ut stoffet. Kinsten startar med ei forkava og fortetta skildring av livet til hovudpersonen som sjonglerer mellom ein travel jobb, mann og tre barn, veninner og trening. Det er skremmande lett å kjenne igjen: Telefonen sluttar aldri å ringe, e-post renn inn og du har endåtil gløymt å lage matpakkar til barna dine. Svært velskrive og sanseleg er det òg. Så er det som om det smell, og hovudpersonen vaknar til eit nytt liv som inneheld ingenting, og dette blir spegla i forma: Vi går frå tettskrivne sider til mykje luft og lite handling.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.