Film
Stillferdig thriller
Når nokon har drepe eit barn, er det då rom for å prøva forstå?
Guslagie Malanda spelar Laruence, som er tiltalt for å ha drepe den 15 månader gamle dottera ved å etterlata henne på ei strand slik at ho vart teken av tidevatnet.
Foto: Srab Films / AS Fidalgo
Professor Rama (Kagame) reiser til den vesle byen Saint-Omer nord i Frankrike for å vera tilskodar i rettssaka mot unge Laurence Coly (Malanda), som er tiltala for å ha drepe den 15 månader gamle dotter si ved å etterlata henne i strandkanten så ho drukna.
Hard kost
Heilt frå starten er det tydeleg at Rama har eit heller problematisk forhold til mor si. Den fortutla gamle dama stryk intenst teppet som dekkjer den mørke skinnsofaen i den vesle leilegheita, pynta med suvenirar frå heimlandet Senegal, foto av Rama og systrene som ungar og ymse krimskrams.
Både ei geografisk reise og ei klassereise skil mor og dotter, og gjennom kornete videoopptak frå då Rama var ung, ser me tydeleg at mora har slite med meir enn berre å tilpassa seg ein ny kultur. Psykisk sjukdom bryr seg ikkje om landegrenser, dei får berre ulike namn. Dette skal gå igjen, også i rettssaka.
Dette er regissør Alice Diops spelefilmdebut, men det er tydeleg at ho har fartstid som dokumentarist. Så er også Saint Omer basert på ei ekte rettssak, som Diop var til stades i, i 2016. Ein kan dermed trygt kalla filmen sannkrim, i den grad delvis fiksjonalisering kan godkjennast, og det meiner eg det kan. Filmen har også ein del grep frå sannkrimens største plattform, podkasten.
Store delar av filmen kviler på kvinna i vitneboksen som over lange strekk fortel kva som har skjedd, utan innblanding, dialog eller effektar. Det er som med høgtlesing – ein skapar seg vel så sterke bilete i hovudet som dei filmskaparane hadde framkalla på film. Også Laurences måte å snakka på ber ekstra dimensjonar. «Ho snakkar som ein roman av Marguerite Duras», fortel Rama.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.