Kunst

Stjernenatt

Vincent van Gogh: «Stjernenatt» (1889) i legoversjon.
Publisert Sist oppdatert

Lite ante Vincent van Gogh, som knapt selde eit einaste bilde medan han levde, at han kom til å verte eit av dei heitaste namna i kunsten. Og dei særprega måleria hans vert stadig meir populære. Ikkje berre møter vi dei på museumsveggene. Dei prydar alt frå skjermspararar til truser, termosar og bestikk. No kan du endåtil bygge «Stjernenatt» i Lego.

Van Gogh (1853–1890) måla det nattlege stemningsbildet i 1889. Måleriet er vakkert med avrunda former og kraftige fargar. Samstundes har bildet ein mørk undertone. Måleriet vart laga eitt år før han tok livet av seg. Landskapet er inspirert av utsikta frå vindauget på asylet på Saint-Rémy i Frankrike, der han pleidde nervane sine i denne tida. Samstundes stemmer ikkje skildringa av sjølve byen, den minner meir om den nederlandske heimbyen Zundert. Såleis har han smelta to synsopplevingar saman til ei.

Merksemda vår vert dregen mot den dramatiske måten himmelen er forma på, med hissige, korte penselstrøk over den fredelege, sovande byen. Fargane er slyngde på lerretet som i ein virvelvind. Månen og stjernene lyser opp, medan greinene frå sypressen kryp oppover bildeflata som eldtunger i grønt. Ikkje det enklaste motivet å formidle gjennom legobrikker, skulle ein tru. Truman Cheng, ein ung student frå Hongkong, kom på å setje saman tynne legoplater til ein tredimensjonal versjon som er forbløffande lik originalen til van Gogh. Den danske leiketøysprodusenten tende på ideen og finpussa modellen saman med MoMa (Museum of Modern Art) i New York, som eig måleriet. I 2020 vart legosettet «Stjernenatt» lansert, og det vart raskt ein slager.

Gjennom den omstendelege bygginga med meir enn 2300 brikker vert ein godt kjend med motivet. Her kan ein altså leike seg fram til avansert kunnskap om måten van Gogh har komponert verket sitt på, korleis fargar og former skaper ulike effektar. Sidan har det vorte lansert byggesett av Leonardo da Vincis «Mona Lisa» og «Marilyn Monroe» av Andy Warhol. Tidlegare i år kom nok eit motiv av van Gogh, denne gongen måleriet «Solsikker».

Om ein er i det elitistiske hjørnet, kan ein sukke over plastifiseringa og kommersialiseringa av sjelegranskande og sterk kunst. Samstundes har Lego brei appell, og slike produkt vil vere med på å gjere terskelen for å oppsøke kunsten lågare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement