Stolen barndom
Ann-Helén Laestadius kjem med eit nytt sterkt vitnesbyrd om uretten mot det samiske folket.
Ann-Helén Laestadius er forfattar og journalist.
Foto: Thron Ullberg
Samiske Ann-Helén Laestadius fekk mykje positiv merksemd for Stjålet som kom på norsk for to år sidan. Romanen gav eit skakande innblikk i dei intense motsetnadene mellom ulike etniske grupper i den svenske delen av Sápmi.
I Straff held forfattaren fram med å vitne om uretten mot folket hennar. I denne boka handlar det om tilhøva på internatskulane midt på 1950-talet. Barn frå reindriftsfamiliar vart sende av garde frå skulestart, langt frå heimen – om ikkje alltid geografisk, så kulturelt.
I eit heilt framandt miljø fekk dei undervisning på eit språk dei til å byrje med ikkje kunne eitt ord av, og dei skulle bu og finne seg til rette med ukjende vaksne som ikkje alltid ville det beste for dei. Rasismen var utbreidd, overgrepa tallause. Fenomenet er velkjent også frå Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.