Musikk

Stor robotmusikk

Nyinnspelinga av «Grendizer»-musikken er eit ekko av fantasien om å hamle opp med eksistensielle trugsmål.

Publisert

Som vanleg starta året med eit smell, og det nyleg utgitte soundtracket til spelet UFO Robot Grandizer – Feast of the Wolves manar fram ein urovekkjande nostalgi.Kjeldematerialet er ein japansk teiknefilmserie frå syttitalet om ein heltemodig pilot som med lekamen i cockpiten styrer ein robot med bein og rakettskytande armar i djerv kamp mot urett og overmakt.

UFO Robot Grandizer er ikkje verdas beste spel, men musikken er det schwung over og smell i. Japanske Isao Sasaki og Shunsuke Kikuchis opphavelege TV-lydspor harblitt oppdatert av komponistane bak musikken til dei polske storspela Witcher 3: Wild Hunt og Cyberpunk 2076, og blir framført av eit eklektisk storband.

Lyden av hemningslause elgitarar ular over hektiske, storslege strykar- og hornarrangement; orgel skjelv som jordi sjølv; rytmeseksjonen liknar Curtis Mayfields’ klassiske funksoundtrack til blacksploitation-filmen SuperFly.

Her finst innslag av felemelodiar med austleg preg, og det heile blir drive av ein melankolsk energi som manar fram ei kjensle av heftig storleiksforskjell mellom oss menneske og fælslege, sivilisasjonsutslettande, monstrøst krigsmaskineri – musikken til Godzilla-filmane har same stil. Uneasy listening, kan ein kalle det, lik Love Boat-såpeoperavignetten på høggir.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement