Film

Store saker

Når filmverda samlar seg i Cannes, er det kjende namn i digre salar og mange filmar om viktige tema.

Léa Seydoux i opningsfilmen til Quentin Dupieux i Cannes.
Léa Seydoux i opningsfilmen til Quentin Dupieux i Cannes.
Publisert Sist oppdatert

Før den store filmfestivalen i Cannes opna, var det som før snakk om mogeleg streik, nyhende om overgrep og korleis geopolitikk spelar inn på den hemningslause hyllinga av film som var på trappene. 35.000 bransjefolk frå rundt 160 land er samla på croisetten. Stemninga i filmbransjen er spent.

I den franske opningsfilmen The Second Act av Quentin Dupieux skravlar Louis Garrel, Léa Seydoux og Vincent Lindon om tilstanden i ein sjølvmedviten metakomedie, liksom regissert av kunstig intelligens. Det kunne ha vore morosamt, men er irriterande, keisamt og langdryge 80 minutt. Kvar scene trekker ut. At figuren til Lindon får telefon frå Hollywood, er eit artig vink til to av stormaktene i filmverda.

Globalisering

Frankrike angreip Mexico to gonger på 1800-talet. No har den franske stjerneregissøren Jacques Audiard invadert landet i ånda, utan å ha kryssa Atlanteren. Med haugevis av pengar har han laga Emilia Pérez i heimlandet med skodespelarar frå USA og Spania, med handling lagd til Mexico.

Musikalen om ein narkoboss som tek kjønnsstadfestande operasjon, blir rosa. Zoe Zaldana er god i hovudrolla, men musikken er slapp. Sensasjonsjag og leik med liding er ein trist tradisjon. Motehuset Saint Laurent bruker underhaldningsfilmen til reklame. Audiard såg neppe den smarte harseleringa med slike filmar av Amat Escalante i Lost in the Night i Cannes i fjor. Eg er ikkje imponert.

Det er eg heller ikkje over Limonov – the Ballad av ukrainske Kirill Serebrennikov. Han har fått den elles glitrande britiske skodespelaren Ben Whishaw til å snakke med tullete «russisk aksent» for å skape illusjon om faktisk russisk frå den sprøtt samansette figuren Eduard Limonov frå røynda. Vekslinga i stil er fin, men filmen er full av klisjear knytte til kunstnarar, kjønn og russarar. Nei takk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement