Film

Storslege smålåte

Blod er kanskje tjukkare enn vatn, men det hjelper lite når du tørstar etter omsorg.

Den stille jenta Cáit er eit av mange forsømde born i Irland i 1980-åra. Ho er heldig å kome til eit hyggjeleg, barnlaust ektepar på den irske landsbygda.
Den stille jenta Cáit er eit av mange forsømde born i Irland i 1980-åra. Ho er heldig å kome til eit hyggjeleg, barnlaust ektepar på den irske landsbygda.
Publisert

Irland, 1981: Familien til Cáit (Clinch) slit, og då mor skal ha endå eit barn, blir Cáit send til ei eldre kusine og mannen hennar. Cáit får merksemd og omtanke hjå Eibhlín (Crowley) og Seán (Bennett) Kinsellah heilt frå starten – eit nytt konsept for den stillfarne jenta. Eit mørke finst likevel også i dei lyse, store romma på den vakre garden.

Omtanken

Cheddar, raudbeter og rabarbra, store, raslande lauvtre – bonderomantikken utjamnar ein del av ubehaget som ligg i starten på The Quiet Girl, men utan å ta brodden av. «Her i huset finst ikkje skam», seier Eibhlín mildt og bestemt, mens ho ser Cáit inn i auga. Cáit har spurt om det at dei skal ned til brønnen, skal vera ein løyndom. Eit hint om at i hennar hus held du kjeft om det du ser. Der er det far som bestemmer, og far gjer som han vil, når han vil. Mor føder ungar og får ikkje til å gjera sitt beste eingong.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement