Bok

Stort tenkt

Fredrik Stellander Larsen er eit forteljartalent som går seg fast i det triviallitterære.

Fredrik Stellander Larsen er utdanna biletkunstnar og debuterer som romanforfattar.
Fredrik Stellander Larsen er utdanna biletkunstnar og debuterer som romanforfattar.
Publisert Sist oppdatert

Fredrik Stellander Larsen (f. 1991), biletkunstnar busett i Trondheim, debuterer med ein omfangsrik «historisk» roman innanfor ei tidsramme frå 1900 til 1959, der hovudhandlinga dekker dei tre første tiåra av 1900-talet. Det er eit ambisiøst prosjekt som prøver å gjenskape «verden av i går», og samtidig skildre det tette vennskapet mellom dei to personane det heile krinsar rundt.

Vi er i det fiktive Saarenland, eit øyrike i Austersjøen og storfyrstedømme under Russland, men etter den russiske revolusjonen står landet i 1919 fram som eit sjølvstendig monarki med konge frå Danmark, ikkje så ulikt Noreg i 1905. Etter andre verdskrigen blir Saarenland innlemma i Sovjetunionen, og den fiktive historia til landet er nokså identisk med den faktiske historia til dei baltiske statane. Dermed finst det ikkje noko grunngitt poeng med å dikte opp ein øystat i det baltiske området; det verkar heller forvirrande.

Sosial avgrunn

Forteljaren Didrik Hopijoutsen, professor i musikk i London, opnar The Times 22. januar 1959 og les at det er funne ein komposisjon av den verdskjende komponisten Ulrik Pomerantsev (1899­–1927). Dette utløyser eit skred av minne frå tida då dei to vaks opp og var klassekameratar og sjelevenner i Kuningholm, hovudstaden i Saarenland. Gjennom resten av romanen blir dette vennskapet rekapitulert ned i minste detalj utan direkte å nemne kva det faktisk handla om: ei uforløyst homoerotisk tiltrekning, det som blei kalla romantisk vennskap før i tida.

Didrik kjem frå nokså vanlege kår, mens Ulrik høyrer til russisk aristokrati med røter i St. Petersburg. Det er ein sosial avgrunn mellom dei, og den klassereisa Didrik blir utfordra til å gjere ved å reise til Paris saman med den bråmodne komponisten, vegrar han seg for.

Utvendig og tillært

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement