Litteratur

Storverk

Den stilsikre og arbeidsame jærbuen har levert eit verk med verdi langt ut over riksmålsforkjemparane sine rekkjer.

Publisert


Vinteren 1877 vart den unge studenten Arne Garborg vald til formann i Det Norske Samlaget. Han var initiativrik og hadde store planar: «Eg tenkjer hardt på sjølve Bibelen, må vita.» Men det prosjektet vart langdrygt, og først i 1921 kom heile Bibelen ut på nynorsk.

Endå lengre tid tok det på riksmål. Det Norske Bibelselskap var skipa i 1816, men først i 1904 fekk nordmenn ei bibelutgåve som skilde seg litt frå den danske. No har ein annan jærbu, den lærde og skriveføre Kjell Arild Pollestad, omsett heile bibelen på fem–seks år. Det er ei bragd.

I opphavet

Forlaget har gjort seg flid med formgjeving og utstyr. På omslaget lyser opningsorda frå Første Mosebok, og eg beit meg straks merke i at skapinga her skjer «I opphavet». Biblar på både svensk, dansk og norsk bokmål har til no teke til i «begynnelsen». På færøysk heiter det «I fyrstuni», medan islendingane bruker «opphavet», som me er vane med på nynorsk – og som samsvarar med det norrøne bibelspråket.

Det er interessant at Pollestad vel det gamle norske uttrykket, og dei fleste opplever vel «opphavet» som både sterkare og meir høgtidsamt enn «begynnelsen». I somme høve varierer omsetjinga av eit ord etter kva type tekst det står i. «Granne», som kjem frå norrønt, vert av Pollestad brukt i poetiske tekster (t.d. Sal 31,12 og Jes 3,5), og «nabo», som kjem frå dansk, når det er prosa (t.d. Esek 16,26 og Luk 14,12, men med Luk 15,6 som unnatak).

Til skilnad frå dei fleste bibelomsetjingar, i alle fall her til lands, er denne forsynt med eit langt føreord. Pollestad gjer der greie for nokre hovudlinjer i omsetjingshistoria, og han forklarar kvar han sjølv samsvarar med, eller skil seg frå, andre bibelutgåver.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement