Film

Streit nok, den

The Whale får fram kjenslespekteret på ein nostalgisk enkel måte.

Brendan Fraser spelar hovudrolla i filmen om den overvektige engelsklæraren Charlie.
Brendan Fraser spelar hovudrolla i filmen om den overvektige engelsklæraren Charlie.
Publisert

Klokka tikkar for enormt tjukke Charlie (Fraser). Mens han fjernunderviser i skriving med kamera avslått, og får kjeft og omsorg av sjukepleiarveninna Liz (Chau), blir det tydeleg at han kanskje ikkje kjem til å overleva dette. Så bankar det på døra, både éin og to gongar.

Brendan Fraser

Hadde eg irritert meg ein brøkdel så mykje over tjukkedrakter som eg pleier, ville The Whale vore rein tortur. Implisitt: Det gjorde eg ikkje, så det vart det ikkje. Eg slit også underleg lite med at ein ikkje-sjukeleg feit mann spelar hovudrolla, men viss du tenkjer at det kjem til å forstyrra sjåaropplevinga di, så er eg den fyrste til å skjøna det.

For alt eg veit, har regissør Aronofsky leita høgt og lågt etter skodespelarar som lir av fedme, og landa altså på rett nok tettbygde Brendan Fraser. At han eingong spela augesnop i California Man (1992) iført berre ei fillete truse, og George of the Jungle (1997), iført berre ei fillete truse, og meir påkledd helt i Mumien-filmserien (1999), gjer at dette blir ekstra «sjokkerande» for dei av oss som hugsar han som slank og veltrent. Faktum er at han passar godt til å spela den sympatiske, stakkarslege Charlie.

Rett fot

Eg elskar ikkje The Whale, men det er noko nesten nostalgisk amerikansk over filmen, noko som resonnerer tilbake til sånn eg følte det då eg såg film som ungdom. Som at eg trur eg hadde elska filmen hadde eg vore sytten år. Eg klarar ikkje landa heilt på om dette talar for eller imot filmen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement