Stri straum av elende
På Munchmuseet har Vanessa Baird dekt fleire store rom frå golv til tak med konfronterande skildringar av grenselaus liding. Det er ikkje akkurat ein sjarmoffensiv.
I det første rommet finn me groteske scener frå ein tilsynelatande velmøblert heim. Det er ingen stad å gøyme seg. Tid og rom flyt fritt. Kven er dette sine mareritt, kven er det sine minner? Her er mange parallellar til Bairds eige liv, og scenene nærmast dampar av sinne og avmakt, kombinert med forsøk på å samle alle til eit hyggeleg måltid.
I dei over 500 verka er det mange skikkelsar som går igjen, blant andre ei kvinne i blå, pertentleg blondekjole. I eitt verk får ho halsen skoren over, i det neste dinglar ho frå eit reip i taket. Tidvis har ho lyse lokkar og liknar Alice i Eventyrland, tidvis liknar ho Baird sjølv. Barn er ikkje skåna for noko i dette universet. Dei stirar sjokkerte på brutaliteten eller ligg sjølv delvis avkledde med avrivne lemmer. Det er ikkje rart at både publikum og journalistar leitar etter samanhengen mellom det vanvitige Baird framstiller, og hennar eige liv.
Lamslått
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.