Film
Sulis 1907 er stivt, reint og pent
Men kjedeleg er det ikkje.
Otto Fahlgren spelar Konrad Nilsson, som er fersk gruvearbeidar.
Foto: SF Studios
Unge Konrad (Fahlgren) startar livet røft og blir seld som svensk slavearbeidar som tiåring. Etter seks år på Sjønstå gard rømmer han til nærliggande Sulitjelma og får seg jobb i malmomnane. Den nye direktøren Wenström (Berger) ser fort sitt snitt til å bruka medborgaren sin som informant.
Men då Konrad blir oppgradert til ekte gruvearbeidar, møter han også eit samhald han ikkje har kjent før, så etter kvart blir det vanskeleg å ta imot dei ekstra pengane når lojaliteten til fellesskapet er så sterk. Når han så høyrer agitatoren Helena Ugland (Gjerpen), er det klart at her må det endring til.
Veldig heil ved
Regissør Nils Gaup har visstnok halde på med Sulis 1907 i fjorten år, så det må vera tilfredsstillande å endeleg starta sigersgangen. Med LO i ryggen vart det endeleg fortgang i produksjonen, noko som jo er... interessant. Eg vil tru LO ikkje kastar pengane sine etter alle som sender inn manus, men at ein film om starten på arbeidarrørsla triggar gjevarviljen til landets største fagforeining, burde ikkje overraska nokon.
Historia er uansett som ho er, og Nils Gaup gjer som han vil, vil eg tru. Det er iallfall ein veldig gaupsk film han har laga, med mange koreograferte slåstkampar, storslegen musikk og beinharde mannfolk som oppfører seg mannete. Dei få kvinnfolka som er med (og som faktisk budde i dette harde miljøet), spelar rolla som ditto sterke og prinsippfaste, og vik ikkje ein millimeter. Det er altså ikkje noko særleg realistisk sånn reint karaktermessig, og måten replikkane blir framførte på, minner langt meir om teater enn film, som jo er synd, men diverre ikkje overraskande.
Agitering
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.