Kunst

Supermodellen

Minnesmerket over USS «Maine» i New York, 1913.
Minnesmerket over USS «Maine» i New York, 1913.
Publisert

Du finn henne på toppen av ei mengd amerikanske bygningar og monument, likevel vart ho lagd i ei umerkt grav då ho døydde. Audrey Munson (1891–1996) var ikkje berre si tids absolutt mest berømte kunstmodell, men også den første supermodellen. Ho poserte for meir enn 200 amerikanske kunstnarar, dei fleste skulptørar, men også fotografar, illustratørar og målarar.

Mellom anna kransar figuren hennar om det storslegne minnesmerket etter slagskipet USS «Maine» i New York (1913). Kortversjonen er at skipet eksploderte utanfor Havanna i 1898, og store delar av mannskapet drukna. I 1912 vart vraket heva, og den italiensk-amerikanske bildehoggaren Attilio Piccirilli nytta bronsen frå kanonane til ein skulptur med Munson som modell. Her fossar ho sigerrikt fram på eit digert skjel som vert drege tre fabeldyr ein i gresk mytologi kalla havhestar.

Ikkje berre var Munson vakker, ho var også svært dyktig til å gå inn i ei stilling. Den energien ho utstråla, kunne kunstnarane hente med seg inn i skulpturane sine. Derfor var ho svært etterspurd, etter kvart også som skodespelar. Venleiken og den sprudlande personlegdommen gjorde at media ikkje kunne få nok av henne.

Aktmodellen nytta merksemda målretta for å synleggjere kor viktig modellen er i den skapande prosessen, så vel som for å fremje rettane for kvinnelege kunstnarar. Ho fekk publisert fleire artiklar, og ho var òg tidleg ute med å setje lys på seksuell trakassering av kvinner i kunstverda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement