Teater
Surrealistisk protest frå odelsjenter
Du er bonde har vorte ei sår og litt støyande framsyning om rolleforventingar på bygda.
Dei to odelsjentene vert spela av Malin Landa og Mari Strand Ferstad.
Foto: Hanne Nygaard
To venninner har fylt atten og er vortne myndige. Dei kjem frå gardar i Gjesdal og har ingen andre venner. Fritida bruker dei på å sjå film og TV-seriar. No sig det inn at dei er odelsjenter og jamvel jomfruer. Kva skal dei gjere med livet sitt?
Kristin Auestad Danielsen har skrive ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket. Tida er sist på 1990-talet, 25 år etter at ei endring i odelslova gav likestilling. Men jærbygda heng etter i haldningar. Bøndene lærer gutane å køyre traktor, dyrke jorda og drive med ku og sau. Odelsjentene, derimot, er usikre på rolla si.
Ei av venninnene vil slett ikkje føre tradisjonen vidare. Ho vil ikkje få barn slik det er forventa. Ho vel antidrift. Slik provoserer ho si eiga slekt og folk på nabogardane. Bygdedyret vil stanse kvinna som opponerer.
Absurd
Regissør Maria Drangeid har teke godt vare på den komiske tonen frå romanen. Den oppstår idet ulike element kolliderer, som når odelsjentene les i Bibelen og et chips medan låten «Brittas fitta» går på repeat i høgtalaren. Eller når skodespelarane Malin Landa og Mari Strand Ferstad pendlar mellom trivielle kvardagsproblem, minne om kjende mannlege hollywoodskodespelarar eller hårfrisyren til lady Diana, som den eine av dei har kopiert.
Meir krevjande blir det når det absurde tek over: Engelen Gabriel gjer den eine odelsjenta gravid med nøtter. Etter fødselen av nøttene kastar ho dei ut på jorda slik at det veks opp eiketre i staden for fôrgras. Ho vil øydeleggje det industrialiserte landbruket og føre landskapet tilbake til naturen, til eit Jæren som var dekt med skog fylt av fuglar og ville dyr.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.