Film

Svartkvitt mareritt

Agnieszka Holland viser rettmessig raseri i grufullt og godt grensedrama.

Filmen til Agnieszka Holland om flyktningar på grensa mellom Polen og Belarus vann juryprisen og var nominert til Gulløva på filmfestivalen i Venezia.
Filmen til Agnieszka Holland om flyktningar på grensa mellom Polen og Belarus vann juryprisen og var nominert til Gulløva på filmfestivalen i Venezia.
Publisert

Hugsar du oktober 2021? Den grøne grensa i Green Border er skogen mellom Belarus og Polen. Der spelte ein skammeleg tragedie seg ut. Eit slags spel. Folk på sitt mest sårbare blir kasta over piggtrådgjerda mellom landa. Bokstaveleg tala, altså. Vi møter ein syrisk familie og ei afghansk kvinne som drøymer om eit liv i tryggleik, vekk frå IS og Taliban.

Sidan følgjer vi òg ei polsk grensevakt og aktivistar som hjelper dei som risikerer livet i skogen. Flukt krev reglar. Ein må ha batteri på mobilen. Ein må ha gode sko. Ein må helst halde seg tørr. Men ingenting slikt tel viss Festung Europa ikkje respekterer eigne lover eller asylinstituttet.

Harme

Den polske regissøren Agnieszka Holland har røynsle frå seriar som The Wire og House of Cards. Hennar Jaktsesong var ei fin filmatisering av Før din plog over de dødes knokler av nobelprisvinnar Olga Tokarczuk. Den sorte jord skildra hungersnauda i Ukraina i trettiåra.

Med Green Border skrik ringreven i sinne. Hektisk stil med rå rørsler skapar klaustrofobisk stemning. Utan at filmen er like stram i stilen, fer ein tanke til Sauls sønn, ein av dei beste filmane om holocaust.

Eg stussar først over valet av svartkvitt, men kanskje Holland vil at vi skal trekke nett dei parallellane. Menneskesynet er til å kjenne att. Aktivismen er motstandskamp. Vi ser sadistiske soldatar på båe sider av grensa. Ho sparar ikkje på noko.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement