Bok

Sveins bibel

Det er ikkje ei enkel oppgåve Svein Tindberg har teke på seg.

Svein Tindberg har skrive og nytolka bibelforteljingar for born.
Svein Tindberg har skrive og nytolka bibelforteljingar for born.
Publisert

På 90-talet hadde Tindberg stor suksess med å fortelje Markusevangeliet frå scena. Tindberg kom til tru på Jesus gjennom arbeidet med Markus. Når du skal lære deg mykje tekst, må du freiste å lage deg bilete i hovudet, slik at du enklare kan hugse. Etter å ha lese Bibelforteljingar for barn kan eg godt sjå føre meg korleis Tindberg har arbeidd. Han strålar ut ei stor glede over å fortelje, og han legg ikkje band på seg. Dei mest kjende tekstane er der, i botnen – somme forteljingar nesten ukjennelege, andre godt kjennelege. Vi får til dømes høyre meir om gjetarguten Ariel i byrjinga av Det nye testamentet enn om Jesusbarnet. Tindberg nærmar seg vanskelege bibelske tema, som sjalusi, svik og misunning, for å betre forklare borna kvifor dei ulike karakterane handlar som dei gjer. Han skriv nye tekstar for å trekkje fram poeng i tekstane som han meiner vi bør snakke meir med borna om.

Stor fridom

Eg meiner det er uproblematisk at Tindberg har gjeve seg sjølv stor fridom når han no fortel utvalde bibelforteljingar nett som han vil. Det er eigentleg rart ingen har tenkt på det før. Han held seg ikkje til det som står i Bibelen, og lèt fantasien ta han dit han vil. Men eg veit litt om dei kristne foreldra som kunne ha kjøpt denne boka. Det er ikkje sikkert at dei vil setje pris på denne kunstnarlege fridomen. Omsetjing frå gresk og hebraisk, så tru som mogleg, er eit puristisk ideal. Ein truande trur teksten er inspirert av Gud sjølv; for ein kristen har Bibelen autoritet. Tillegg er skummelt, uansett motiv. Sjølv om eg trur at born i kristne familiar ville hatt godt av denne boka, trur eg ikkje foreldra ville lese frå henne. Det er synd om eg skulle ha rett.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement