Bok
Sviket mot dei sjukaste
Randi Rosenqvist har skrive eit glødande kampskrift for den pasientgruppa ho har arbeidd med i femti år.
Randi Rosenqvist er psykiater. Ho leier i dag ein nasjonal aksjon for å halda på dei psykiatriske sjukehusa, der det er mogeleg med lange opphald for dei som treng det.
Foto: Fin Serck-Hanssen
Dei fleste av oss har lagt merke til Randi Rosenqvist. Når alvorlege brotsverk pregar media, blir ho gjerne tilkalla og spurd om grenselinjene mellom straff og behandling, juss og psykiatri. Ho er ein av tungvektarane i disiplinen rettspsykiatri, og kjenner det vanskelege farvatnet mellom straff og det som blir kalla tvunge psykisk helsevern.
No er ho pensjonist og har skrive om eit yrkesliv innanfor dette feltet. Undertittelen på boka er dekkande: «Sviket mot de sykeste». Medan både politikarar og andre kjende folk lett kan falla for freistinga til å skriva sjølvbiografiske skrytealbum, brukar Rosenqvist memoarformatet til noko heilt anna. Ho har skrive eit glødande kampskrift for den pasientgruppa ho har arbeidd med i femti år: dei aller sjukaste, menneske som har små utsikter til å greia seg sjølv eller bli friske.
Forfattaren kjenner psykiatrifeltet godt, og ho har vore med på mange av dei store endringane der. Ho var med i viktige prosessar, som til dømes diskusjonen om Reitgjerdet, som hadde ansvar for dei sjukaste og farlegaste pasientane.
Ho har vore med i ei rekkje utval som har arbeid med rettspsykiatri, har skrive lærebok om dette, og greier myndig ut om forholdet mellom juss og sjukdom.
Psykisk helsevern
Hennar vurdering er at mange av endringane i psykisk helsevern har vore gode. Dei store asyla greidde ikkje å få mange ut av sjukdommen, dei fekk preg av oppbevaring. Men dei var ei stor forbetring frå den tida dei sjukaste vart plasserte saman med husdyra på gardane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.