Musikk
Sylkvass presisjon
Edward Gardner syner atter kor godt han rår med nordisk musikk.
Den danske komponisten Carl Nielsen (1865–1931).
Click to add byline
Bergen Filharmoniske Orkester er produktivt, for dei
siste to åra er det kome heile ni CD-ar. Her skal det dreia seg om dei to Carl
Nielsen-innspelingane frå 2023 og 2024, der engelske Edward Gardner dirigerer.
Fram til i fjor var han sjefdirigent for orkesteret.
Slik me kallar Grieg vår nasjonalkomponist og
finnane Sibelius sin, lyt Nielsen gjelda som nasjonalkomponisten til
danskane. Han voks opp under økonomisk tronge, men musikalsk rike kår på Fyn,
med ein spelmann til far. Etter nokre år i bataljonsmusikken i Odense blei han
i 1879 fiolin- og komposisjonsstudent ved København-konservatoriet. Seinare
spelte han fiolin og var andrekapellmeister i Det kongelige kapel, der han vann
eit stipend som mogleggjorde ei studiereise gjennom Europa.
Klårleik
På reisa finslipte Nielsen dei musikalske preferansane
sine. Han sette gamle meistrar som Bach og Mozart høgt, men den seinromantiske
patosen hjå Wagner tolte han ikkje. I det heile er dei mogne komposisjonane
meir rotfeste i wienerklassisismen enn i den tyske romantikken. Sjølv Konsert
for fløyte og orkester (utan opusnummer, 1927), det mest modernistiske av
dei innspelte verka, har neoklassisk klangklårleik.
Konsert
for fiolin og orkester, op. 33, som
Nielsen byrja på i Bergen i 1911, er eit meir tradisjonelt virtuosstykke. Verket
er eigentleg i to delar, men delt opp i fire spor på plata. Opninga «Præludium» er
spesiell, for det er som om fiolinisten får spela seg varm og prøva ut at
strengene er stemde rett, slik folkemusikarar gjerne gjer. Er dette ein
atterklang av folkemusikken Nielsen voks opp med?
Spor 2 er det mest virtuose, full av lynsnare skalaar
og akkordbrytingar som fiolinsolisten James Ehnes utfører med sylkvass
presisjon. Dette er ikkje virtuoseri for virtuoseriets skuld, for Nielsens melodiar
har alltid ein slags indre logikk og konsekvens.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.