Film

Symbolfest for heile familien

Av og til er det heilt riktig med ein oppfølgjar.

Riley har nyleg blitt tenåring, og hovudkvarteret går derfor gjennom ei ombygging for å få plass til noko uventa: nye kjensler.
Riley har nyleg blitt tenåring, og hovudkvarteret går derfor gjennom ei ombygging for å få plass til noko uventa: nye kjensler.
Publisert

Riley frå fyrste filmen er ikkje lenger ei lita jente, men har fylt tretten. Dette krev nye kjensler i hovudkvarteret hennar, hjernen – det blir for enkelt med Glede og Sorg og dei andre primærkjenslene når puberteten set inn.

Brått kjem Angst og Misunning rasande inn i manesjen, og alt held på å gå i spinn. Korleis skal Riley takla nye venskap og konkurranseinstinkt med desse nye spelarane oppi hovudet?

Pixerert

Pixar har gjort ein del rett sidan George Lucas og kumpanane etablerte sitt grafiske selskap i 1979 og tok opp kampen med verdas mest kjente teiknefilmselskap Disney.

Det vil seia, den fyrste verkelege suksessen kom med Toy Story (1995) og etter det kom Oppdrag Nemo (2003) og De utrolige (2004), før dei blei kjøpte opp av – kven andre? – Disney i 2006.

Dei har uansett fått fortsetja satsinga på langfilmar og sitt eige, litt meir avanserte uttrykk under Pixar-namnet. Så lenge det finst ungar, vil det nok finnast teiknefilmar. Og Pixar utmerkjer seg verkeleg. Eg såg Innsiden ut (2015) med stor glede – det å gjera kjensleliv om til barnefilm er verkeleg ein strålande idé. Det skal seiast at Woody Allen gjorde noko tilsvarande i komedien Alt du vil vite om sex (men ikkje våger å spørre om ) (1972), der det er full panikk i hjernen for å få sexakta i gang – enormt moro, særleg med Allen som den engstelege krisemaksimatoren. Og kvifor ikkje overføra det til langt meir uskuldige situasjonar som familierelasjonar og oppvekst?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement