Bok

Syndar i sommarsol ¿

Voksne mennesker viser kor hjelpelaust barnslege vaksne er.

Marie Aubert debuterte med ei novellesamling i 2016.
Marie Aubert debuterte med ei novellesamling i 2016.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Eg er i ein spansk liten by medan eg les Marie Auberts første roman. Sambuaren min og eg flirer litt idet det går ein liten norsk familie forbi oss. Foreldra er ueinige om kvar dei skal gå for å ete middag, og snakkar nedlatande til kvarandre. Den vesle sonen deira ser livstrøytt ut der han diltar etter.

For få år sidan var dette paret truleg akkurat som vi, harmoniske og sikre på at viss vi ein gong får barn, blir vi ikkje slike foreldre. Men så er det vel ikkje så lett likevel, å måtte ta rolla som den vaksne, heile tida, i tillegg til å prøve å lage ein velfungerande familie som held saman i tjukt og tynt.

Hyttekos

Heile romanen går føre seg i løpet av ein hyttetur. Eg-personen er 40 år gamle Ida, som i byrjinga av boka er på veg for å treffe søstera Marthe, mannen hennar Kristoffer og dottera hans Olea. Mora til jentene og sambuaren hennar skal kome etter, og dei skal feire bursdagen til mora med reker og vin.

Det er forholdet mellom søstrene boka krinsar rundt, i tillegg til spørsmålet om å få barn. Ida er storesøstera som alltid har vore sjølvstendig og flink, ei som ikkje treng å bli passa så mykje på. Veslesøstera Marthe er kronisk sjuk og har derfor, naturlegvis, fått meir omsorg enn Ida, men rollene som stødige Ida og stakkarslege Marthe er urokkelege sjølv i vaksen alder.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement