Film
Synder frå fortida
Kultregissøren David Cronenberg er tilbake.
Lèa Seydoux, Viggo Mortensen og Kristen Stewart spelar hovudrollene i filmen.
Foto: Another World Entertainment
Ein gong i framtida er Saul (Mortensen) og Caprice (Seydoux) performancekunstnarar, noko av det gjævaste ein kan vere. Saul er superstjerne. Kroppen hans skapar nye ukjende organ som Caprice opererer ut framom eit entusiastisk publikum. Dei tøyer grenser. Den hemmelege institusjonen Den nye sedskapseininga er meir nyfiken enn kontrollerande. Men vågar ein krysse grensa til å obdusere ein gut som levde av å ete plast?
David Cronenberg har lenge hatt ein sterk status som kultregissør, spesielt knytt til filmar som kroppsskrekklassikaren Videodrome (1983), og provokatør, med filmar som Crash (1996), der bilkrasjfetisj skapte skandale. Etter streitare filmar sidan tusenårskiftet er villstyringen tilbake.
Videorama
I likskap med Videodrome handlar Crimes of the Future dels om å skape underhalding av mørke lyster. Figurane blandar kunst med skrekkeleg bruk av kroppar. Skilja mellom vald og nyting er uklare. Jakta på det skandaløse er sentralt i og for desse filmane. Kirurgi er den nye sexen, seier byråkraten Timlin (Stewart) medan augo lyser av lyst. Det vantar ikkje på skjering i kroppar og store opne hol med diverse organ som tyt ut, eventuelt ei tunge nokon stikk inn i eit sår.
Det florerer med nye omgrep. Korleis går det med EatWare-parameteret? «Mykvarene» i senga er på sjølvstyr med organproduksjonen. Alle er ovundra av obduksjonsmodulen. Filmen er innfallsrik. Konkurransen om indre venleik har ei spesiell tyding her. Kanskje kan ein vinne prisen for «Beste originale organ».
Saul seier han ikkje vil ha eskapistisk propaganda. Mykje ber eit tjukt lag av metaaspekt. Utsegn etter utsegn får meg til å humre. Låtten sit laust. Eg undrar meg over at ingen kategoriserer filmen som komedie, berre skrekk og science fiction.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.