Teater

Syretripp i to og ein halv time

Leiken med norrøn mystikk er sprek som effektshow, som teater ei smakssak.

Kva kan gamle skikkar og seder lære oss om oss sjølve, spør Det Norske Teatret.
Kva kan gamle skikkar og seder lære oss om oss sjølve, spør Det Norske Teatret.
Publisert

Å lage ei teaterhending med norrøne ritar og figurar som ein samtidskommentar, er ikkje nokon dum idé. Den kreative teatermakaren Lisa Lie er godt heime i dette stoffet, og omgrepa turnerer ho med kunnskapsrik autoritet i stykket Utiseta, som denne vinteren vekkjer åtgaum hjå både kritikarar og ålmenne åskodarar. Denne kritikaren er ikkje like ellevill som dei andre, men det får stå si prøve.

Framsyninga er heile tida prega av ei kryssing mellom det urkulturelle og det moderne popkulturelle, både i tekst, musikk og visuelt uttrykk. Her er mykje vakker musikk og song, og mykje elegant og imponerande kroppsspråk og gjøgleri. For nokre av oss er det likevel vanskeleg å le av absurd akrobatikk vi ikkje kan identifisere oss med, og vanskeleg å fordøye tekst som ikkje gjev eit sekunds tid til ettertanke.

Når publikum rundt oss openbert morar seg, må vi kan hende tru nokre av dei kjenner popkulturreferansane betre enn vi gjer, medan andre kan norrønmytologien betre. Men neimen om vi vert heilt sikre på det heller.

Her er mykje scenografisk og kostymemessig augelyst, med myrhaugar og verdstreet Yggdrasil som forvandlar seg eventyrleg og fargerikt. Og Oddgeir Thune som Midgardsormen set faktisk ein ganske magisk streng i sving i delar av stykket, særleg i byrjinga. Resten av ensemblet har òg stålkontroll på det dei skal gjere, og songnummera er briljant gjennomførte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement