Kunst

Takmåleriet i Kunstnernes Hus

Per Krohg står bak takfreskoen i trappegangen på Kunstnernes Hus.
Per Krohg står bak takfreskoen i trappegangen på Kunstnernes Hus.
Publisert

I år har juryen hatt som mål å la Haustutstillinga spele på lag med bygget som verka er utstilte i. Derfor går ein av raudfargane frå freskoen i trappegangen att i alle utstillingsrom. Dette takmåleriet laga Per Krohg i 1932. Eg har alltid likt den 22 meter lange freskoen, som er elegant og fint komponert inn i det smale takfeltet i trappeløpet opp til overlyssalane i andre etasje. Her svevar folk over oss, så vi ser rett i fotsolane på dei. Fargane og formene er fine å sjå på, likevel har eg aldri tidlegare tenkt over korleis verket kunne tolkast.

Det skulle også vise seg at forklaringa bak verket slett ikkje er noko ein kan tenke seg til på eiga hand.

Verket heiter «Kunstnerens tornefulle vei mot høydene», ein temmeleg pompøs tittel etter vår tids smak. Her vert vi med kunstnaren gjennom eit utdanningsløp i tre delar. I første delen opnar han ei todelt dør og stig inn i eit kammer der han ser ned i ein stor blå sylinder med tre svevande figurar: ein klassisk aktmodell, den hudlause muskelmannen og skjelettet, altså anatomistudiane som ein kunstnar må beherske.

I det midtre feltet ser vi rett opp i ein tom kjole som endar med ei maske, flankert av to identiske kvinneskapnader. Dette feltet er særleg vanskeleg å forstå. Kunstnaren har sjølv forklart at dei to kvinnene står for sanninga og løgna, og saman held dei opp eit tomt hylster. Den maskekledde dukka skal vere eit symbol på imitasjonen.

I det siste feltet stig kunstnaren sjølv inn eit røyr. Han kjem deretter ut i andre enden av røyret, bada i lyset frå det åttekanta vindauget som er plassert i enden av rommet. Trakta skal symbolisere visdommen.

Likevel har skildringa ein brodd, for vindauget er omkransa av ein slange som bit seg sjølv i halen, eit symbol på at kunsten er ein evig skule utan byrjing og slutt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement