Bok
Tal og moral
Mari Kanstad Johnsen plukkar opp tråden frå den prislønte boka ABC frå 2017.
Anna gler seg til sommarferien, men mormor har berre kjedelege planer. Dei skal høyre på saksofonmusikk, lage kunst og ete pannekaker i hagen. Verdas beste ferie, meiner mormor. Ikkje noko flyging og stress. Anna er ikkje einig.
Mormor tilbyr Anna ein sommarjobb. Jobben i nabolaget inneber teljing til fem på mange måtar, mange gonger.
I dei fornøyelege, leikne og fargerike oppslaga finst ein tydeleg moral, ein god, gammaldags arbeidsmoral: Det er godt å ha ein jobb gå til, og jobben må gjerast skikkeleg. Hardt arbeid løner seg, og ein veks med oppgåvene.
Mormor er ein streng sjef. Er ho urettferdig? Det kan diskuterast, og den diskusjonen legg boka opp til at lesarane kan ta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.