Å vilje hoppe vekk ifrå alt
Den eine (Kim Fairchild) har mista lysta til å leve. Den andre (Ingrid Unnur Giæver) strevar med å fortøye båten dei er om bord i.
Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater
Rogaland Teater, Intimscenen
Regissør: Victoria Meirik
Eg er vinden
Av Jon Fosse
Scenografi og kostyme: Anette Werenskiold
Lys: Agnethe Tellefsen
Komponist: Ingvild Langgård
Lengd: 1 time
Vår fjerde nobelprisvinnar i litteratur skreiv Eg er vinden for snart tjue år sidan i samarbeid med Festspillene i Bergen. Stykket hadde urpremiere på Nationaltheatret i 2007 og har vorte framført på fleire norske teaterscenar. Diverre blir tematikken aldri uaktuell: Det handlar om Den eine som ikkje orkar å leve lenger, og Den andre som prøver å snakke han eller henne frå å hoppe i døden.
No var eg litt upresis i resymeet av handlinga – teksten til Jon Fosse er som vanleg fleirtydig. Vi kan ikkje vere heilt sikre på om Den eine alt i starten av stykket har teke livet sitt. I så fall er resten av skodespelet ein retrospektiv samtale om korleis Den andre freista å hindre tragedien.
Kvar vår tolking
Det fine med det fleirtydige i språket til Jon Fosse er at vi som publikummarar kan ha kvar vår tolking. Regissør Victoria Meirik og dei to skodespelarane, Kim Fairchild og Ingrid Unnur Giæver, lar det vere så mykje stille mellom replikkane at ein rekk å tenkje og føle.
Eg hugsar dei eg har kjent som hamna i det eksistensielle mørket som Den eine fortel om. Eg minnest dei som kjempa til liks med Den andre for å berge eit fortvila medmenneske vekk frå stupet, bort frå det lokkande djupet. Men dei tapte. Det gjer vondt.
På Intimscenen til Rogaland Teater får vi vere i dialog med to personar som slåst kvar sin kamp: Den eine orkar ikkje å vere der ho er, men heller ikkje nokon annan stad. Den andre prøver å få henne til å sjå at livet er til for å levast. Enno er dei to menneske i same båt, ute på ei eksistensiell ferd der dei kan leggje til ved eit svaberg og ta ein ankerdram saman, ete niste og drikke litt vin. Så lenge dei snakkar saman, er det håp, tenkjer eg.
Halde fast i livet
Det uforståelege og tragiske er at samtalen ikkje maktar å halde Den eine fast i livet. Den andre blir teken med ut til havs der bølgjene går så høge at ho bønnfell Den eine om å snu. Då forstår vi at det vil gå gale. Så går det gale.
Eg er vinden er eit framifrå døme på korleis dei enkle orda til Fosse skapar det dei nemner. På teaterscenen får orda styrke frå det vi ser og høyrer. Scenograf Anette Werenskiold har laga eit rom som illuderer båten dei to er om bord i. Under skimtar vi ekte vatn, no og då glid grå skodde over den mørke vassyta. Ein bjelke blir til bergveggen på ein holme der Den andre får i oppgåve å leggje til. Det er berre så vidt ho ikkje fell i vatnet.
Den sparsame scenografien og dei enkle rørslene som Giæver utfører der ho klamrar seg til bjelken, skapar illusjonen av fortøying. Skodespelarane Fairchild og Giæver framfører replikkane i ein stillfaren spelestil, til diskret tonefølgje av Ingvild Langgård. Det heile strekar under korleis Fosse har skore orda ned til det essensielle i dette lagnadstunge dramaet. Desto sterkare blir Den andre si fortviling når røysta til Giæver går over i desperasjon mot slutten: Den eine har hoppa, og ho lèt seg ikkje redda.
Det er teater på sitt beste.
Kristin Aalen
Kristin Aalen er teaterkritikar og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons
Sjølvsagt er vi ikkje dei einaste som har skjøna at hovudet til sauen er god mat.
Midtfjords: ein attraksjon Fylkesbaatane var åleine om.
Foto frå boka: Ole Fretheim
Friskt om ferjer
«Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.»
Det var ein emosjonell augneblink for unge Gukesh då VM-sigeren var klar.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
Gukesh den attande
Den 18. verdsmeisteren sidan 1886 er berre 18 år gamal, indaren Gukesh Dommaraju.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.