JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten

Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.

Foto: Marcel Leliënhof

2750
20241004
2750
20241004

Rogaland Teater, Teaterhallen

Regissør: Kjetil Bang-Hansen

Esau og Jakob

Bibelske soger bearbeidde av Svein Tindberg
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Lyd/lys: Marius Podolski

Ein kan tenkje at regissør Kjetil Bang-Hansen og skodespelar Svein Tindberg har fortalt det som er å fortelje frå Bibelen, etter at dei sidan 1995 har framført Markusevangeliet, Apostlenes gjerninger og Abrahams barn for fulle teaterhus. Er det ikkje nok no?

Faktisk ikkje. I Esau og Jakob greier Tindberg på rørande vis å få glimt frå ein barndom på sommarferie hos tante og onkel i Horten til å gå i dialog med maktkampen mellom tvillingane Esau og Jakob for fire tusen år sidan. Regissør Bang-Hansen syter for at dei bibelske historiene vert saumlaust kommenterte av Tindbergs kloke refleksjonar om konfliktar i dag, på individuelt og internasjonalt nivå. Stykket kjennest djupt eksistensielt og nærgåande.

Enkel scenografi

Scenografien til Milja Salovaara er stilrein: På golvet ligg eit handvove teppe, medan eit liknande teppe tener som bakvegg. To krakkar, ein skodespelar og eit bladlaust tre. I greinene heng bilete av Abraham og Sara, Isak og Rebekka, og etterkomarane deira. Det er eit pedagogisk grep for at vi ikkje skal gå surr i namna. Men bileta er for små til at dei blir noko meir enn vakre oppheng.

Tindberg held likevel god orden på kva som skjedde med Esau og Jakob, formødrer og forfedrar, og levandegjer på framifrå vis kjenslene deira. Alt då tvillingane låg i magen til Rebekka, slost dei. Når ho ber Gud om råd, er svaret at det bur to folkeslag i morslivet hennar. Dei skal skiljast før fødselen, og den eine skal bli sterkare enn den andre. Konfliktane i Midtausten trer fram, då som no.

Finst tilgjeving?

Stykket handlar om sjalusi og maktkamp mellom brør gjennom mange tiår. Veslebroren Jakob er ein sleiping som lurar til seg førstefødselsretten frå Esau og velsigninga frå faren Isak. Den eldste skal seinare verte stamfar til ørkenfolket edomittane, medan Jakob blir den tredje patriarken til israelittane.

Tindberg og Bang-Hansen har skapt ein imponerande vev. I eit klimaks løfter dei fram den mest gåtefulle historia: den om lurendreieren Jakob som ei natt slåst med ein ukjend mann og nektar å gje seg før den ukjende – Gud sjølv – velsignar han. Og den umåteleg vakre scena der Esau tilgjev veslebroren det vonde han har gjort. «Finst tilgjeving? Finst nåde?» spør Tindberg. Spørsmåla dirrar på teaterscenen når dagens konflikt i Midtausten heng der som eit vondt bakteppe.

Kristin Aalen

Kristin Aalen er teaterkritikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis